Søndag kl 16 – 18 er det klart for opning av idrettslagets treingsstudio dei gamle lokala til Posten (eller BP’n for dei som har lev litt lenger). Det siste året har det vore lagt ned ein stor innsats for å få til eit treningsstudio. Må berømme ungdomane som har stått med oppussing og utviding av lokala. Dei siste dagane har det vore montering av treningsutstyr og litt prøvekjøring av treningsapparata. Søndag er det endeleg klart for opning.
Det er Talgø som både har stillt lokala til disposisjon for Todalen idrettslag, og har vore sponsor med tanke på materialer og utstyr for å renovere lokala. Årsmøtet i Todalen idrettslag bevilga pengar frå overskottet i jubileumsåret til innkjøp av treningsutastyr. På opningsdagen blir det både prøving og opplæring i bruk av treningsapparata, og sjølvsagt traktering med gratis kaffe og bakels til alle som kjem på opninga. Da blir også namnet på treningsstudioet offentliggjort og det blir stort lotteri med mange fine gevinstart, fortel Carina Talgø som har vore med i byggekomiteen.