Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opning av friluftslivets år i Surnadal kommune på Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Laurdag 11. januar 2025

Laurdag 18. januar skal heile landet «båle» eller brenne bål som det heiter her i distriktet. Bålbrenninga markerer starten på «Friluftslivets år» 2025.

Pressemelding frå Surnadal kulturkontor ved Norunn Holten:

Surnadal kommune ønskjer alle innbyggjarar i den vakre friluftskommunen vår velkomne til:

Opning av «Friluftslivets år» ved gapahuken på Tjønnmyran i Todalen laurdag 18. januar kl. 16.00-18.00

Vi tenner bål og kosar oss med aktivitetar som passar etter ver og føre, til dømes:

Skigåing i lysløypa
Fottur med broddar (ved hardt føre eller snømangel)
Aking i bakken ved gapahuken
Klatring i klatrejungelen ved gapahuken
Trivsel rundt bålet. Vi stiller med varm drikke og skuffekake. Vi tek også med bakelsrøre, slik at den som vil, kan steike seg ein runding på bålet.  
Alle som registrerer seg ved gapahuken, blir med på trekning av fine premiar!

Ta eventuelt med eigne ski og gjerne eigen kjelke eller akebrett! Vi tek med rumpeakebrett!

Fyr på peisen i gapahuken. Foto: Norunn Holten.

Slik kjem du deg til Tjønnmyra:

Køyr Todalsvegen innover mot Todalen. Etter å ha kryssa elva ved Bruset, fortsett du innover etter Markavegen. Etter ca. 2 km held du mot høgre og inn på Dalavegen. Køyr så vidare ein stor kilometer og sving til høgre der vegen opp mot Tjønnmyra er skilta. Etter ca. 200 m finn du ein parkeringsplass. Gapahuken ligg i underkant av 100 m frå denne parkeringsplassen.

 Arrangør: Surnadal kommune.

Meir om andre arrangement som blir arrangert i Surnadal i løpet av «Friluftslivets år» 2025 finn du på  https://friluftslivetsar.no/aktivitetskalender . Viss du ønskjer å gjennomføre eit friluftsarrangement, kan du også legge inn arrangement der etter kvart.

Lysløypa på Tjønnmyrane. Foto: Jon Olav Ørsal.

 

 

 

Publisert: 11. januar 2025, 00:07