Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opne sluser i føremiddag

Jon Olav Ørsal Måndag 3. juli 2023

I morgontimane og utover føremiddagen var det bokstaveleg tala opne sluser.  I løpet av 6 timar, frå 6-tida og utover til klokka 12 kom det over 27 mm nedbør i form av mildt regn, og det sette nok fart på smeltinga av snøen som er att i fjellet.  Bekkar og elvar vaks fort utover føremiddagen og vatnet var brunfarga, så det har nok vore nokre utlopp på forskjellige plassar. 

På tur til Surnadal i føremiddag vart eg fortaft over kor mykje vatn det var både i Rossåa og i inner Drivå.  Da vi passerte inner Drivå slo vatnet inn i sida på bilen så her var det skikkeleg påtrykk. 
Men plutseleg var det slutt på regnet, og da gjekk elvane fort ned igjen til meir eller mindre normalt nivå. 
Vassføringa i Toåa blir målt ved Storfossen, og her låg vassføringa på ca 11 m3/sek kl 06 i dag tidleg, og voks fort utover dagen til 31 m3/sek kl 13  i dag.  No går det raskt nedover igjen.  

Mykje vatn i ras-traseen i føremiddag – det flaut bokstaveleg over. den 31. juli er det 10 år sia raset gjekk uti Stranda. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. juli 2023, 18:59