I morgontimane og utover føremiddagen var det bokstaveleg tala opne sluser. I løpet av 6 timar, frå 6-tida og utover til klokka 12 kom det over 27 mm nedbør i form av mildt regn, og det sette nok fart på smeltinga av snøen som er att i fjellet. Bekkar og elvar vaks fort utover føremiddagen og vatnet var brunfarga, så det har nok vore nokre utlopp på forskjellige plassar.
På tur til Surnadal i føremiddag vart eg fortaft over kor mykje vatn det var både i Rossåa og i inner Drivå. Da vi passerte inner Drivå slo vatnet inn i sida på bilen så her var det skikkeleg påtrykk.
Men plutseleg var det slutt på regnet, og da gjekk elvane fort ned igjen til meir eller mindre normalt nivå.
Vassføringa i Toåa blir målt ved Storfossen, og her låg vassføringa på ca 11 m3/sek kl 06 i dag tidleg, og voks fort utover dagen til 31 m3/sek kl 13 i dag. No går det raskt nedover igjen.