I helga har det vore «1000 opne hagar» i hagelagets regi, samtidig som det har vore ein del av Norsk Vandrefestivals program. Her i bygda har dett vore omfatta hagen til Dordi Anne Hyldbakk på Slettbakkan og Svinsviks arboret. Søndag var det open hage frå 12-15 med gratis inngang, og det var mange som nytt høvet til å sjå innom.
Dordi Anne Hyldbakk og Reidar Dahlstrøm har arbeidd opp hagen ved fritidsboligen på Slettbakkan. I hagen finnes en rekke rhododendron og azalia, peoner, roser, stauder, frukttrær, bærbusker, busker og trær. Dei har lagt vekt på at det skal blomstre heile sesongen, og hagen er difor delt i fleire seksjonar. Det er brukt mye stein i og rundt bed og forhøyninger. Dordi Anne og Reidar har lagt ned mykje arbeid i hagen dei siste 6 åra, og det blir nok nokre timar til før dei har fått den slik dei ønskjer.
I Svinviks Arboret runda dei av årets sesong søndag. Dordi Kjersti Mogstad fortel at dei i år har hatt godt besøk til tross for veret, og betre enn i fjor. Vår erfaring er at dei som kjem utover sommaren ikkje er så opptekne av veret. Dei ordnar seg på litt våt vandring i hagen slike dagar. Men desse er sjølsagt da ekstra glade for at det går an å kome og få seg ein varm god kaffekopp og noko godt inne i ein koseleg kafe, så slik sett er vi svært glade for å ha etablert dette tilbodet som supplement til hagebesøket på slike somrar som dette.
Bildegalleri fra hagedagen på Slettbakkan og i svinviks Arboret. Alle foto: Jon Olav Ørsal