Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opnar til topps i alpinansentret

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2025

Gode nyheiter frå Surnadal alpinsenter – frå laurdag opnar anlegget heilt til topps.  Fram til no har anlegget vore ope til mast 7, men snøfallet dei siste dagane har gjort det muleg å preparere anlegget heilt til topps, så frå laurdag kan du altså ta heisen heilt til topps og nye nedkjøringa gjennom heile anlegget. 

Ei gammel nyheit er det kanskje at anlegget har utvida opningstid i veke 1 i 2025 – fram til søndag 5. januar er opningstida utvida med 1 time, slik at opningstida er frå 11 til 16. 

På nyåret har det vore fullt kjør – frå laurdag opnar anlegget heilt til toppen. Foto Jon Olav Ørsal

Du finn meir info om Surnadal alpinsenter både på heimesida og på Facebooksida til alpinsentret.

Publisert: 3. januar 2025, 19:03