Det fine sommarvêret dei siste dagane har gjeve ein «flying start» for rododendronblomstringa og fruktblomstringa i Svinviks arboret. Fruktblomstringa i frukthagan nærmer seg toppen, og er finare enn nokon gong, medan rododendronblomstringa også er godt i gang. I deg på pinseaftan 18. mai er det sesongopning i arboretet, og Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarlag i arboretet fortel at det har vore ein travel innspurt mot opninga.
Etter som blomstringa er i full gang reknar Katarina Wedelsbäck Bladh med at det blir bra med besøki hagen denne helga, arboretet er nemleg ope heile pinsehelga. I kaffeterian var dei også i full gang med å førebu innrykk med kaffetørste gjestar, og damene i kafeen har mykje godt å tilby sine gjestar.
Katharina røper at ho skal slutte i arboretet ved utgangen av juni, men ho fortel at det er søkt etter ein museumsgartner som skal ta over jobben. Det er nok frukthagen som ligg hennar hjarte nærast – her er det dei siste åra lagt ned ein stor jobb med å samle gamle sortar i ein levande genbank. Katharina håpar at ho kan fortsette å jobbe med litt forskningsarbeid i frukthagen, sjølv om ho sluttar som faganvarleg for arboretet.
I den gamle billettbua har dei laga ei utstilling som viser korleis arboretet jobbar med mangfaldet. Her er også lagt vekt på å vise den viktiga jobben som Ane Svinvik gjorde i hagen – med blant anna samlinga av staudar.