Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opnar omkjøringsvegen i Falla – fare for steinsprang

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2018

Fleire små steinsprang i anleggsområdet i Kufalla har gjort at Surnadal kommune no opnar omkjøringsvegen over Tjønnmyra igjen. Etter kvart som telen forsvinn har vi problem med små steinsprang, seier oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune. Som eit alternativ er vegen no brøyta opp over Tjønnmyra, og det er skilta som ei mulegheit for omkøyring derom.

Teleløsing pregar anleggsområdet – no blir omkjøringsvegen over Tjønnmyra teken i bruk. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er venta mildvêr utover denne veka og neste veke, og vi reknar med at det blir litt problem med steinsprang heilt til entreprenøren får rydda og sikra området.  Dette kan først skje etter at telen er gått, av sikkerheitsmessige grunnar, fortel Bøe. 

Kommunen har gjort ny avtale med Todalen I.L. om å bruke vegen over Tjønnmyra, og den er no brøyta opp og skikkeleg strødd og det skal være greit å køyre der. Entreprenøren startar altså arbeidet straks det er telefritt , seier Bøe til slutt. 

 

Først publisert: 12. april 2018, 23:00 - Sist oppdatert: 13. april 2018, 19:59