Det var mange som måndag ettermiddag og kveld nytta høvet til å stikke innom kyrkja for å tenne lys til minne om omkomne og skadde frå den grufulle handlinga i regjeringskvartalet i Oslo og på AUF-leiren på Utøya. Soknerådet hadde opna dørene i kyrkja for dei som ville tenne lys eller ha nokon å snakke med, og serverte kaffe og eplekake til dei som ønska.
