Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opna «Stikk Bort!» sesongen i regnvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. mai 2025

Surnadal kommune starta tilbake i 2019, inspirert av «StikkUT!» konseptet, turkassetrimmen «Stikk Bort!». Dette er ein lågterskel trimaktivitet retta mot bebuarane på sjukeheimen og i omsorgsbustadane, pårørande, brukarane av dagsenteret og alle andre som ønsker å gå eller trille ein kortare trimtur.

«Stikk Bort!» har åtte trimpostar i nærområdet til sjukeheimen, der seks av postane er utandørs og dei to siste inne på sjukeheimen. Ti frivillige frå Surnadal demensforening og helselag og elevar frå Surnadal vidaregåande skule stiller opp for å hjelpe dei som treng hjelp for å vere med på «Stikk Bort!».

Friskluftkoordinator i Surnadal kommune, Trine Glåmen, skriv namnet sitt i boka. Foto: B G Ansnes

2025 er Friluftslivets år og står difor i friluftslivets teikn. «Stikk Bort!» er frå og med i år ein del av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal sitt lågterskel trimkassetilbod, og onsdag var det offisiell opning av den nye «Stikk Bort!» sesongen. Med bakgrunn i at Surnadal kommune ønsker at alle skal kunne delta på aktivitetar i samband med Friluftslivets år, var den offisielle opninga av den ny «Stikk Bort!» sesongen, i år ein del av Surnadal kommune si markering av Friluftslivets år.

«Stikk Bort!» er også lagt merke til i andre kommunar, og åtte andre kommunar i Møre og Romsdal har no kopiert Surnadal kommune sin modell. – At andre kommunar kopierer oss er stor stas, seier Trine Glåmen, som er friluftskoordinator i Surnadal kommune.

Mange var med på opninga av «Stikk Bort!» sesongen, sjølv om det var litt regnvêr. Foto: B G Ansnes

Startskotet for årets «Stikk Bort» sesong gjekk klokka altså klokka 11 onsdag. Vêrgudane var ikkje på den samarbeidsvillige sida, men mange møtte likevel opp og var med på ein runde rundt om på Bårdshaugen.

Etterpå var det pølser med brød framfor inngangen til omsorgsbustadane. Friskluftkoordinator Glåmen var godt nøgd med oppmøtet og deltakinga, spesielt når vêret ikkje akkurat var det beste. Men det blir forhåpentleg vis mange finvêrsdagar framover våren og sommaren, så her vil det bli rikelege moglegheiter til å treimme!

Først publisert: 1. mai 2025, 15:00 - Sist oppdatert: 30. april 2025, 19:49