I dag innleia Surnadal pensjonistlags stavganggruppe den nye sesongen med tur til Haltbakkan, og med 42 deltakarar vart det vel nærast rekorddeltaking. Det var oppmøte ved Sjøleet, der vegen tek av utover til Haltbakkan.
Som sagt gikk turen til Haltbakkan for dei som gikk lengst. Etterpå var det sosial kaffepause i Gapahuken til Magnar Gjeldnes. Stemninga var god, og det var mange som var glade for att ny stavgangsesong endeleg er i gang igjen.
Sigrun Ørsal hadde med kamera, og har sendt oss mange fine bilder frå turen som ligg i bildegalleriet nedafor.