Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opna nytt flott Eiksenter

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. oktober 2025

Det var fullt hus og storslått feiring da Eiksenteret Surnadal fredag markerte opninga av det nye Eiksenteret i Røtet. Anlegget har kosta bortimot femti millionar og er eitt av elleve Eiksenter som utgjer Eiksentra i Mid-Norge.

Det er Jon Magne Sæter og Øyvind Wekre som eig femti prosent kvar i Eiksentra i Midt-Norge, og det er Jon Magne Sæter som er dagleg leiar i selskapet. Hovudkontoret ligg på Heimdal i Trondheim, og dei elleve avdelingane har totalt rundt 120 tilsette.

Mykje folk på fredag, da det nye Eiksenteret i Surnadal vart opna. Foto: B G Ansnes

Lokal entreprenør har bygd bygget

Det nye bygget, som er bygd av Setra Drift, er på 1600 kvadratmeter og inneheld stor og lys butikk, moderne kontor og ein stor og moderne verkstad, vart offisielt opna fredag med snorklipping av Ordførar Hugo Pedersen.

Ordføraren klipte snora

Pedersen understreka i helsinga si før snorklippinga at landbruket er ei stor og viktig næring i Surnadal, og at Eiksenteret med sine 25 tilsette er ein stor og viktig arbeidsplass i kommunen.

Ordførar Hugo Pedersen klipte snora, her flankert av Øyvind Wekre, Trond Kjempekjenn og Jon Magne Sæter. Foto: B G Ansnes

Prosjektet vart mykje større enn planlagt

Det var for litt over to år sidan, da Øyvind Wekre var på besøk og fekk sjå verkstaden, at det vart bestemt at det måtte byggast nytt verkstad. Dette for å kunne sørve kundane på beste måte, men ikkje minst for å gje dei tilsette ein enklare kvardag i meir egna og moderne lokalar.

Den nye verkstaden har allereie vore i drift eit års tid. Det var i utgangspunktet meininga å renovere den gamle butikken og kontora, men da vi fekk sjå tilstanden på bygningane, vart det bestemt å bygge nytt i staden for å renovere kunne Sæter fortelje.

Dei nye lokala er store og lyse. Foto: B G Ansnes

Dette har gjort til at det nye anlegget har blitt større enn planlagt, men framfor alt har vi fått eit anlegg som er rusta for framtida la han til.

Han kunne også fortelje at den eine av dei to tidlegare eigarane, Nils Moen, vart så glad da han fekk høyre at dei vil bygge nytt at han gav bort ein del av kunstsamlinga si, slik at den no heng i dei nye kontorlokala i nybygget.

– Jeg ønsker å takke alle samarbeidspartneer, ansatte for et flott nytt  og framtidsrettet bygg, avslutta Jon Magne Sæter.

Også administrerande direktør i Eikmaskins, Trond Kjempekjenn rosa dei tilsette

– Vi er stolt av å være på lag med Eiksenteret, og jeg ønsker å gi de ansatte en stor takk og applaus for den jobben de har gjort fram mot åpingen her i dag, sa Kjempekjenn.

Mange leverandørar var representert under opninga

Ole Jørgen Baarlid frå Eikmaskin. Foto: B G Ansnes

Fleire leverandørar hadde rigga seg til med standar under opninga fredag, der dei viste fram utstyr som Eiksentra sel. Det var også nokre gode opningstilbod ein kunne nytte om ein var interessert.

Ole Jørgen Baarlid frå Eikmaskin var der som importør og leverandør av traktorar og mykje anna landbruksreiskap til Eiksentra rundt om i landet.

Ein annan var Ketil Høsta frå Nøsted og Igland som mellom anna leverer vinsjar og anna utstyr til skogbruket.

Ketil Høsta frå Nøsted og Igland. Foto: B G Ansnes

Etter snorklippinga vart det servert kaffe kaker og rømmeraut. Eiksenteret Surnadal har fått eit skikkeleg fint og moderne anlegg i Røtet, så det er berre å gratulere Sæter, Wekre og dei andre tilsette.

 

Publisert: 24. oktober 2025, 18:00