Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Operasjon bruprosjekt – Rossåbrua

Operasjon bruprosjekt – Rossåbrua

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. august 2012

Mange har nok lurt på kva som foregår ved Rossåbrua, der det har vore innsnevring i kjørebanen i sommar. No er ferietida slutt for anleggsgjengen, og BMO entreprenør frå Kongsberg jobber med å rehabilitere Rossåbrua som skal få nytt rekkverk og ny føringskant. Dei skal også skifte ut dekket på brua for å legge inn ein membran som skal hindre at det trekkjer inn vatn som kan skade armeringjarnet i betongen.

Rossåbrua er ei av 5 bruer og kulvertar på strekninga frå Todalkrysset til Todalen som skal reparerast og oppgraderast for å tilfredstille nye krav.  Det var Knut Henrik Hegge og Runar Hegge som var i arbeid ved rossåbrua, og dei rekna med at det det vart september før dei vart ferdige med prosjekta på Todalsvegen.

Rossåbrua er no rundt 50 år, og da må ein vel rekne med at det etter kvart er behov for å reparare rustskadar og ta etter diverse vedlikehald. Den andre brua ved todalshaugen skal også få ei oppgradering, og i tillegg er det både bru og kulvert som skal reparerast på Nordvik.

Publisert: 1. august 2012, 13:54