Eit fullsett Todalen ungdomshus tok godt i mot Operapuben frå Stangvikfestivalen torsdag kveld. Ein kan vel seie at Stangvikfestivalen tjuvstarta årets arrangement i Bøfjorden i går kveld, og at det nærast var ein form for tjuvstart også i Todalen torsdag kveld. Festivalens første arrangement i Stangvika er PUB med noko 6263 attåt, seinare torsdag kveld. Kveldens pub i ungdomshuset opna dørene kl 18, og Todalen Idrettslag sørga for servering før konserten starta kl 19.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/07/HeddaSigrid_9000.jpg)
Sigrid Vetleseter Bøe er programansvarleg for Stangvikfestivalen – her opptrer ho i lag med Hedda Hansen Berg. Foto Jon Olav Ørsal
Sigrid Vetlesæter Bøe er programansvarleg for Stangvikfestivalen, og ho hadde klart å skaffe nokre av dei beste operasongarane til årets festival, og dei fekk vi ein imponerande forsmak på under kveldens førstilling i Todalen ungdomshus. Her stilte operasongarar frå både Stockholm og Berlin, og da måtte det berre bli bra. Vi fekk høyre sopran Anna Malesza-Kutny, tenor Linard Vrielink, baryton Jaka Mihelac, baryton Adam Kutny og bass Erik Rosenius i tillegg til Sigrid Vetleseter Bøe. Hedda Hansen Berg sørga for å akkompagnere på piano, og det var ei oppgåve ho kom godt ut av.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/07/Rosenius-dame-9038.jpg)
Todalen ungdomshus var fylt til siste plass, og det var skikkeleg god stemning med mykje applaus og trampeklapp frå publikum. Foto Jon Olav Ørsal
Gjennom førestillinga som gikk i tre avdelinger fekk vi høyre variert operasong, og publikum var med og ga skikkeleg tilbakemelding til songarane i form av applaus og trampeklapp. Ei fantastisk førestilling som ein trygt kan seie at det er sjeldan men opplever – snakk om full utteljing på billetten.
Etter at førsestillinga var ferdig vart det både eitt og to ekstranummer – heilt til slutt song tenor Linard Vrielink, baryton Jaka Mihelac, baryton Adam Kutny og bass Erik Rosenius «Der fjordene blåner», flerstemt og med norsk tekst.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/07/4operasongarar_9064.jpg)
Tenor Linard Vrielink, baryton Jaka Mihelac, baryton Adam Kutny og bass Erik Rosenius – disse 4 kvitterte for siste ekstranummer med «Der fjordene blåner» med norsk tekst – og fikk skikkeleg applaus for det. Foto Jon Olav Ørsal
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/07/TILservitorer_8989.jpg)
På plass som servitørar for Todalen IL. Frå venstre Bjørn Gunnar Ansnes, Mali Røen Skjærmo ,Jens Sancho Ansnes og Jenny Stensby. Foto Jon Olav Ørsal