Torsdag kveld var det «tjuvstart» på Stangvikfestivalen med operakveld i Todalen ungdomshus. Det er kvar dag du finn operasolistar av internasjonalt kaliber på scena i Todalen ungdomshus, men vi som var der i går kveld fekk ei oppleving av dei sjeldne.
Todalen ungdomshus var fylt til siste plass, da operasongarane entra scena og kunne by på «operatiske opplevingar med lauv snipp» som dei kalla det. Det vil seie at vi fekk både operasong på høgt nivå, kombinert med ein god del humor innblanda. Operasongarane på internasjonalt nivå var Maria Nohr, Tobias Westman, Sussanne Sandberg og sjølvsagt Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius som nærast turnerer på heimebane. Hedda Hansen Berg akkompagnerte på piano og Mia Dyrner Askelund var konferansier.
Operasongen var delt i 3 sett med 15 minutt pause mellom kvart sett. Til saman var det 13 nummer, som var fordelt på songarane – enkelte nummer song dei åleine og andre saman fleire – og runda av med Rigoletto med alle på scena. Vi skal ikkje gje oss ut på å kommentere operasongen, men det var uhøgtideleg og god underhaldning som fekk mykje applaus frå publikum.
Stangvikfestivalen starta eigentleg onsdag kveld med opningskonsert i Bøfjorden, og fortsette i Stangvika med open pub på Bryå torsdag kveld. Fredag er det fleire aktivitetar i Stangvika som Kammerkonsert på Prestegarden. Vidare er det opning av kunstutstilling i Gallei Bondehuset og Enok Monk & Balkan Brasseri i Bondehuset seinar på fredagskvelden. Todalen Idrettslag sørga for sal av forfriskingar og var medarrangør i Ungdomshuset.