2016 er Stangvikfestival-år, men det er ikkje før 28.- 31. juli. Styret i festivalen tykkjer derfor det er alt for lenge til sjølve festivalen dreg i gang, så dei inviterer til operakafé på Bondehuset i Stangvik i morgon søndag 20. mars. Operastart er kl. 21, og dørene åpnar kl. 20. Billett kr. 200,- er å få kjøpt i døra.
Sigrid Vetleseter Bøe, sopran
Maria Nohr, mezzosopran
Torstein Fosmo, tenor
Sverre Johan Aal, baryton
Hedda Hansen Berg, piano.