Sist det var open gard i Viastua, var arrangementet ein del av Todalen idrettslags 100-årsjubileum i 2008. Sia den gongen har det skjedd mykje i Viastua, sist med utbyggjing av fjøset og installering av mjølkerobot i perioden 2011 til 2013. No er det Ola Kvendset som er eigar og drivar, og Gudmund og Wenche er kårfolk. Open gard er eit arrangement i regi av Todalen Bondelag.
Denne dagen vil dei «by på seg sjølv», og vise fram kva som foregår på garden. Sjølvsagt så er det nok mange som har lyst til å sjå det nye kufjøset det det er lausdrift, og med automatisert fôring og ny mjølkerobot. Kyrne sjølv bestemmer når dei vil mjølkast, og stiller seg gjerne i kø framfor mjølkeroboten når dei kjenner at det blir jurspreng.
Elles vil bondelaget servere rømmegraut og annan tradisjonell gardsmat, og det vil bli likar for borna.
Sett av søndag 24. august i tidsrommet 12 til 16! Vi kjem att med fleire detaljar om programmet arrangementet.