Søndag 21. august blir det open gard i Pestua. Det er Todalen Bondelag som er arrangør, med Maren, Asbjørn, Anders og Ingunn som vertskap. I Pestua drives det med kjøtt- og eggproduksjon, og det vil bli omvisning i oksefjøset denne dagen. I tillegg vil det nok bli mange slags dyr å sjå, mellom anna lama, kanin, høner og lam for å nemna noko, og dette vil skje i samarbeid med Start 4H der det er fleire av medlemane som har forskjellige husdyr som prosjekt i år.
I tillegg vil det bli salg av rømmegraut, kaffe og bakels. Det vil også bli forskjellige leikar for borna, som blir arrangert i samarbeid med Surnadal Bygdeungdomslag. Vi kjem att med meir informasjon etter kvart som programmet blir klart.