Laurdag 19. oktober, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved Krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga inneheld våpen, militært utstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilhøyrigheit til krigshistoria for Surnadal kommune.
Det vil også bli vist fram utstyr og rekvisita frå to private samlingar.
Nordmøre Forsvarsforening ønsker alle velkomne til open dag på Krigsminnesamlinga på Åsen.
Medlem i Todalen.no –