Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Open dag på Krigsminnemuseet på Åsen

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2024

Vi må ikkje la krigsminna gå i gløymeboka, men tvert i mot passe på å ta vare på dei minna vi har – spesielt etter 2. verdskrig som tok slutt for snart 80 år sia.   Krigshandlingane i Gaza og i Libanon og ikkje minst i Ukraina viser oss kor skjør freden er, og kor snart gjort det er å fyre opp igjen.

Det har etter kvart vorte ei omfattande utstilling med mykje utstyr klær og våpenutstyr. Foto jon Olav Ørsal

Laurdag var det open dag i Krigsminnemuseet på Åsen.  Museet held til i kommunale lokalar i den gamle skulen på Eidet – vis a vis Bygdemuseet på Åsen.  Det er Nordmøre forsvarsforening som driftar museet, og det har etter kvart vorte reint så rikhaldig på militært utstyr, uniformer og våpen.   Museet har ikkje noko fast opningstid, men brukar å ha ein open dag kvar haust, fortel leiar i Nordmøre forsvarsforening, Olav Jostein Holten.

Kristian Henden viser ein stor lyskastar som har vore bruka både på sjø og land. Foto Jon Olav Ørsal

Det har også vore fast rutine for at 9. klassingane på Surnadal barne- og ungdomsskule har ein besøksdag her for å få litt innsikt i den lokale krigshistoria.  – Vi meinar det er viktig at både elevane og folk generelt får eit innblikk i kva som skjedde under krigen og dett bli dokumentert for ettertida.  Vi er no glde for at yngre krefter har kome med i dette arbeidet og faktisk viser eit utruleg engasjement.  

Det er ei eiga utstilling med fotodokumentasjon. Foto Jon Olav Ørsal

Vi har litt for få medlemar i foreninga – vårt ønske er å kunne rekruttere nye medlemar og så er det sjølvsagt eit stort behov for økonomisk påfyll – vi får eit årleg tilskot på 15.000 pr år frå Surnadal kommune.  Dette tilskotet har ikkje vore indeksregulert sia 2002, så det seier seg sjølv kva det er verdt i dag.  I tillegg får vi nokre kroner i grasrotandel frå Norsk tipping.  Elles er både Forsvaret og Norges Forsvarsforening heil fråverande i denne samanheng. 

Dersom nokon vil være med så kan du finne info om Nordmøre forsvarsforening på deira heimeside  er https://www.forsvarsforeningen.no/lokalforeninger/indre-nordmore-forsvarsforening/

Det som var skulehuset på Eidet er i dag nytta til Krigminnemuseum. Foto Jon Olav Ørsal

Eit av klenodia som er utstilt er Finnlandskappa til seinare Lensmann Kaare Waag – denne var med på Gulltransporten i 1940. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. oktober 2024, 14:51