Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Open dag med koppsalg

Open dag med koppsalg

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. september 2010

Laurdag hadde Todalen.no open dag på ICA Todalen, der «redaksjonskollegiet» var tilstades for å treffe brukarane av nettsida og for å selge dei nye fine koppane med logoen til Todalen.no på. Det var mange som var innom kaffekroken, både for å kjøpe kopp og for å kome med synspunkter på nettsida.

Heile lageret med koppar gikk ut i løpet av den korte formiddagsstunda, men vi kan love at ny forsyning av koppar snart er på veg.  Det var både ros og ris å få, men heldigvis var det mest ros. Dei fleste som var innom Kaffekroken beretta at dei dagleg er innom nettsida, og kanskje også fleire gonger om dagen.

Statistikken for nettsida bekrefter nok dette. I august var det nesten 2700 forskjellig som var innom Todalen.no, og totalt besøkstal i august var på nærare 15.000. Desse tala er vi i redaksjonen svært godt nøgd med.

Mykje av suksessen må vi nok takke alle bidragytarane for. Vi har ofte kø for å kome med på «Dagens bilete», og vi får også bilde og ikkje minst mange tips om aktuelle saker som vi kan bruke. Stor takk til både bidragsytarar og til dere alle som er innom nettida.

Publisert: 25. september 2010, 12:29