Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Open dag med haustmeny på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Etter ein hektisk sesong er det no på tide med ein open dag på hytta der vi vil presentere haustens nyheiter på Ala carte-menyen i restauranten som er open frå 15:00 til 19:00.  Vi har faktisk fått mykje positive tilbakemeldingar og gler oss til å ta deg med på ein kulinarisk dag i restauranten, seier Arve Evensen som saman med kona Cristy er vertskap på Todalshytta.

Arve Evensen og kona Cristy er vertskap på Todalshytta – foto Jon Olav Ørsal

Som sagt har det vore skikkeleg trøkk på Todalshytta i sommar – etter ein treg start kom etter kvart laksefisket skikkeleg i gang, og eg trur dei fleste laksefiskarane var godt nøgde med resultatet.  Artig er det no at statistikken peikar oppover igjen, seier Arve som er godt nøgd med auke i både overnatting og restaurant. 

Det er også fin auke i belegget med «vanlege» turistar også – tydeleg at Ola Nordmann har vorte flinkare til å feriere heime i Noreg.  Mykje lokale spisegjestar har det og vore, og det sett vi stor pris på seier Arve.

På hausten har vi vanlegvis halde hytta stengt, men i haust har vi døra på gløtt for selskap og arrangement – både større og mindre grupper for mat og drikke og så vel som overnatting. Dette gjelder både private og bedrifter som har noko å feire. Vi har vorte eit stabilt og godt team på hytta, som taklar godt å få slike gjestar. 

TV Norge gjorde opptak for»71 grader nord på Todalshytta i vår – denne veka er programmet sendt. Foto Arve Evensen

Vi hadde forresten litt spesielle gjestar her i vår, da TV Norge og «71 grader nord» stakk innom hytta. Denne veka har TV Norge vist frå opptaka som vart gjort da deltakarane konkurrerte på turen innover frå Stangvik og innover til Todalshytta.

Gjengen frå 71 grader nord overnatta på hytta i vår – så dro dei vidare til Innerdalen. Foto Arve Evendsen

Haustmeny:

Som sagt har vi laga ein aktuell haustmeny som vi presenterer på «open dag» komande laurdag 11. oktober.  Da opnar vi dørene kl. 15:00 og utover til kl. 19:00.  – Spesielt er vi stolte av den nye gryteretten «Boeuf Bourguignon» som er både kraftfull og velsmakande.  Det er ein fransk rett som vi har fått mykje skryt for.  

Kjøkkenet tryller fram mange gode rettar – laurdag er det ope hus på restauranten

Her kan du sjå vår nye haustmeny – kom og prøv!

  • Boeuf Bourguignon m/potetstappe Kr. 399
  • Biffsnadder m/tilbehøyr og fries Kr. 379,-
  • Ørret m/sylta agurk og poteter Kr. 399,-
  • Sweet and Sour pork m/ris og vårrull Kr. 379,-
  • Todalsburger m/fries Kr. 349,-
  • Creme bruleet med bær til dessert kr. 169,-

Komande laurdag er det altså open restaurant frå kl. 15.00 til kl. 19.00. – For bordbestilling send SMS til 929 97 550.

Først publisert: 9. oktober 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 8. oktober 2025, 21:28