Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Open dag i Svorka

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2024

På plattingen framfor Svorkabygget på Skei hadde Svorka rigga til «Open dag» i samband med Sommar i Surnadal.  Dei inviterte til nystekte bakels til kaffen.  I tillegg var det rigga til fleire apparat, der du kunne delta i konkurransar. På baksida av Svorkabygget var det høve til å bli med på prøvekjøring av ATV – sjølvsagt eit populært tilbod til gutar i høveleg alder. 

Abel og Luka dreiv med skyting med sprettert – Dei fekk etter kvart sikta seg inn og vart meir og meir treffsikre – Bestefar Lorens overvåka våpenbruken og kunne bidra med gode råd. Foto Jon Olav Ørsal

Det var elles muleg å delta i konkurransar og du kunne faktisk vinne ein eletriker – men berre for ein dag.

Maskoten hadde godis i korga si – det sette nok både store og små pris på. Foto Jon Olav Ørsal

På plass for å servere kaffe og bakels og svare på spørsmål frå kundane. Frå venstre Eva Sæter, Johanne Grande Sæter og Silje Dale tellesbø. Eivill heter også Sæter, og presiserte av Sæter skrivast uten h! Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 22. juni 2024, 20:00