Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Open dag – bygging av kavlveg, Åsen bygdemuseum i Surnadal.

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mars 2019
Søndag 31.mars kl. 14.00-16.00 inviterer vi alle interesserte til å ta turen innom museet på Åsen.
Arbeidet med å lage ein kopi av den ca. 1000 år gamle kavlvegen som vart lagt over myra på Eidet er no i gang!
Ein kavlveg er ein veg laga av klovne tømmerstokkar for å forsere våtmark. Det er funne ca. 800 meter av ein slik veg i myra over Eidet, ikkje langt frå museet.  Denne blir det no laga kopi av, og det skal etablerast ein kultursti i tilknytning til dette kulturminnet frå vikingetid/tidleg middelalder.

Her er 6. og7.trinn ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter med på kurset Foto: Maja Frønes

 
Om du besøker oss på søndag kan du få prøve å svinge øksa og klyve stokkar ved bruk av kilar om du vil. (Du kan godt ta med eiga øks).
Britt Grete Moen frå Rindal Skimuseum deltek med tradisjonell «tømmerhoggar-kost» – det blir smaksprøvar på fleskepannekake og vi kokar kaffe på svartkjele ute ved bålpanna!

Arr: Nordmøre museum avd. Surnadal/Surnadal kommune.

NB!
Arrangementet er avslutninga på den første av to kurshelger i bygging av kavlveg i våtmark. Aktuelt til dømes ved tilrettelegging av turstiar.
Har du lyst til å slenge deg med på kurset er det fortsatt muleg!
Ta kontakt med Anne Lise With Wullum i Surnadal kommune om du har spørsmål eller vil melde deg på.
anne.lise.wullum@surnadal.kommune.no eller mobil: 908 50 020
Publisert: 28. mars 2019, 05:00