Fredag 26. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til pinse-bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til pinshelga. For å feire våren har dei denne gongen «maitilbod» på skulebollar, 5 skulebollar til 145,- kroner.
Denne gongen kan du få kjøpt:
– Ferske donuts med heimelaga vaniljekrem, melis- eller sjokoladeglasur
– Ferske skulebollar med heimelage vaniljekrem
– Ferske kanelsnurrar
– Ferske bollar
– Ferske grove grovbrød
– Ferske grovbrød
– Ferske sveler
– Frosne smultringar
– Frosne tjukklefser
– Frosne konfektkaker, Sarah bernard (18 cm.)
– Frosne fyrstekaker (18 cm.)
– Frosne suksessterter (18 cm.)
– Knekkebrød (10 stk. i posen)
– Pavlovabunner (30 cm.)
Førehandsbestilling innan onsdag 24. mai klokka 18:00 på telefon: 415 71 278.
Hos Lia gard kan du også bestille bakst til alle typer selskap.
– Suksessterte opptil 28 cm.
– Pavlovabunner 26 cm.
– Kvæfjordkake 22 cm.
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!