I morgon, søndag 18.juli mellom klokka 12:00 – 16:00 er det ope i Slettneset steinovnsbakeri. Som vanleg kan dei, òg denne gongen, freiste med nystekte kaffebrød og kaffe. Så har du lyst på «søndagskaffe» med noko godt til i morgon, så er det berre å ta turen til Slettneset steinovnsbakeri.
Karin kan freiste med kanelsnurrar, vaniljeknutar og pistasjflette. Det er òg mogleg å nystekte godsaker for å ta med heim!