Fredag 16.april mellom klokka 13:00 – 18:00 er det ope gardsutsal med ferske bakevarer hos Lia Gard. Innehavar Monica Moen Kvendset fortel at det vil bli mogleg å få kjøpt mykje godt denne dagen, så her er det mogleg å sikre seg godsaker til helga-kaffen.
Denne fredagen kan dei lokke med:
- Ferske skulebollar
- Ferske grovbrød
- Ferske smultringar (20 pk.)
- Frosne suksessterter (18 cm.)
- Frosne fyrstekaker (18 cm.)
- Ferske sjokoladekjeks/cookies (5 pk.)
- Havrekjeks
- Smurte tjukklefser (frosne)
Lia Gard ønsker alle velkomne til ein triveleg handel!