Det blir ope møte om bygdebokarbeidet i Todalen skule tysdag 5. april kl 19.30. Arbeidet med ny bygdebok er godt igang, og den kommunale bygdeboknemda har etablert eit samarbeid med Todalen historielag for å opprette grendekontaktar og hjelpe til med å samle inn stoff. No er informasjon om arbeidet og skjema for innsamling av nyare opplysningar snart i postkassa. Bygdeboknemnda anbefaler at alle les info-skrivet og rettleiinga godt. I tillegg er det og hjelp å få, da vi har sju dyktige grendekontaktar som kan hjelpe til med utfyllinga.
Grendekontaktane er:
- Åsbø, Nordvik, Haltbakken, Svinvika og Hjellnes: Torunn Nordvik og Sven Olav Svinvik.
- Todalshaugen og Kvennset: Wenche Kvendset
- Kårvatn, Talgøya og Bruset: Ingri Bruset.
- Halle og Husby: Sidsel Kalseth Heimlund
- Øya og Ørsal: Ragnhild Ansnes Moe
- Hallset og Ansneset: Anders Halset.
På møtet blir det kort informasjon om prosjektet, kaffe med noko attåt og høve til å stille spørsmål og kome med innspel til bygdeboknemnda.
Vel møtt til ope møte 5.april!