Fredag 1. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmer seg jul, og i bakeriet er det høg aktivitet og mykje å gjere fram mot jul. For å sikre at alle får det dei vil ha, ønsker dei at så mange som mogleg førehandsbestiller bakst dei ønsker å kjøpe på fredag.
På fredag kan du få kjøpt:
– Ferske skulebollar med heimelaga vaniljekrem
– Ferske smultringar
– Ferske kanelsnurrar
– Ferske fyrstekaker
– Ferske grove grovbrød
– Ferske grovbrød
– Nystekte havrekjeks
– Knekkebrød
– Frosne donuts (2 pk.)
– Frosne eplekaker (18 cm.)
– Frosne tjukklefser
– Frosne tynnlefser (potetlefser)
– Frosne konfektkaker, Sarah bernard (18 cm.)
– Frosne suksessterter (18 cm.)
Førehandsbestilling innan onsdag 29. november klokka 18:00 på telefon: 415 71 278.
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!