Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. april 2025

Etter ei hektisk påske med opning av nytt bakeriutsal og mykje besøk, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal fredag 25. april frå klokka 12:00 – 17:00. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen til helga. 

Lia gard har sjølvbetente utsal. Opningstida er klokka 08:00 – 20:00 alle dagar.

Lia gard sel også lokalt produserte produkt frå lokale produsentar som egg frå Pestua gard, ost frå Orkladal Ysteri, poteter frå Solhus Gård, kjøtt frå Ansneset Gard, eplemost frå Reina fruktgård og litt til!

På fredag får ein kjøpt:

  • Ferske skulebollar med heimelaga vaniljekrem
  • Ferske kanelsnurrar med heimelaga vaniljekrem
  • Ferske kanelsnurrar
  • Ferske bollar
  • Ferske grovbrød
  • Frosne tjukklefser
  • Frosne suksessterter
  • Frosne fyrstekaker
  • Frosne tynnlefser
  • Frosne konfektkaker
  • Havrekjeks
  • Knekkebrød
  • Cookies
  • Cookies (2 pk. frå frysaren)
  • Frosne speltbrød
  • Frosne sveler

Førehandsbestilling på telefon: 415 71 278 innan onsdag 23. april klokka 18:00.

Følg Lia gard på Facebook

Lia gard tek også imot bestillingar frå bedrifter.

Adresse: Lykkjeeidet 835, 6640 Kvanne
 
 
Publisert: 23. april 2025, 13:31