Fredag 14. mars frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard på nytt til ope bakeriutsalet. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til «helgakaffen».
På fredag får ein kjøpt: Ferske skolebollar med heimelaga vaniljekrem
- Ferske kanelsnurrar med heimelaga vaniljekrem
 - Ferske kanelsnurrar
 - Ferske grovbrød
 - Frosne smultringar
 - Frosne tjukklefser
 - Frosne suksessterter
 - Frosne fyrstekaker
 - Frosne tynnlefser
 - Frosne konfektkaker
 - Havrekjeks
 - Knekkebrød
 
Førehandsbestilling på telefon: 415 71 278 innan onsdag 12. mars klokka 18:00.
Lia gard tek også imot bestillingar frå bedrifter.



