Fredag 26. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mykje godt å få kjøpt, både grovbrød og kaffebrød.
Denne gongen kan dei tilby følgjande:
– Ferske fulrotkaker (20cm x 10cm)
– Ferske skulebollar
– Ferske ostelandgangar
– Ferske grovbrød
– Ferske nøttebrød
– Smultringar
– Fyrstekaker
– Frosne suksessterter (18cm)
– Nystekte havrekjeks
– Smurte tjukklefser (frosne)
– Krumkaker (6 pk.)
Førehandsbestilling av skulebollar, grovbrød og/eller gulrotkake innan onsdag 24. november klokka 18:00.
Lia gard leverer også førehandsbestilte ferske bakevarer til verksemder.