Fredag 17. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga.
Denne gongen kan du få kjøpt:
– Ferske donuts med heimelaga vaniljekrem, sjokoladeglassur eller melisglasur
– Ferske skuleboller med heimeelaga vaniljekrem
– Ferske kanelsnurrar
– Ferske grovbrød
– Ferske grove grovbrød
– Ferske havrekjeks
– Ferske gulrotkaker
– Frosne smultringar
– Frosne tjukklefser
– Frosne konfektkaker, Sarah bernard (18 cm.)
– Frosne fyrstekaker (18 cm.)
– Frosne suksessterter (18 cm.)
– Knekkebrød (10 stk. i posen)
– Granola (350 g i posen)
– Pavlovabotner
Førehandsbestilling innan onsdag 15. mars klokka 18:00 på telefon: 415 71 278.
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!