Fredag 30. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen. Lia gard feirar samtidig at inngangspartiet er pussa opp, ved å trekke ut ein heldig vinnar, av dei som førehandsbestiller innan onsdag, som får 5 skulebollar!
Denne gongen kan dei tilby følgande:
- Ferske skulebollar med heimelaga vaniljekrem
- Ferske kanelsnurrar
- Ferske bollar
- Ferske fyrstekaker
- Ferske landbrød
- Ferske grovbrød
- Ferske grove grovbrød
- Frosne smultringar
- Frosne tynnlefser/potetlefser
- Havrekjeks
- Frosne suksessterter (18 cm.)
- Smurt tjukklefser (frosne)
- Pavlovabunner
Førehandsbestilling innan onsdag 28. september klokka 18:00.
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!
Adresse: Lykkjeeidet 835, 6640 Kvanne