Før helga vart det kjent at Kirsten Vikan Opdahl frå 1. november blir ny kommuneoverlege i halv stilling i Surnadal kommune. Dette skjer gjennom eit samarbeid mellom Surnadal kommune og Rennebu kommune i Trøndelag, og inneber at Vikan Opdahl frå 1. november blir tilsett som kommuneoverlege i halv stilling i kvar av dei to samarbeidskommunane.
Opdahl er spesialist i allmennmedisin og er godt i gang med spesialisering i samfunnsmedisin, og overtek som kommuneoverlege etter Bjørn Buan, som slutta i stillinga tidlegare i år.
Ho er busett på Oppdal, og ho har sidan 2023 vore kommuneoverlege i Rennebu kommune, der ho fram til no også har jobba som fastlege. Ho har tidlegare erfaring som kommuneoverlege i full stilling i Oppdal kommune.
Opdahl seier ho ser fram til å ta til i jobben som kommuneoverlege i Surnadal kommune, og har sin første fysiske arbeidsdag i kommunen i dag, måndag.