Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onsdagstreff med tilbakeblikk på krigsåra

Elinor Bolme Måndag 6. april 2015

Ingen filmskapar skapar meir interesse lokalt enn Eistein Bæverfjord. No vil han dokumentere krigsminne frå heile Surnadal kommune, og som vi tidlegare har omtala har han alleredevore i Todalen for å intervjue Olina, Ingvar og Martinus om dette. Første onsdagstreff etter påska er derfor via nettopp til dette temaet, der dei som kjem på kulturhuset onsdag 8. april vil få sjå diverse klipp frå det han har redigert ferdig så langt.

Forutan å fortelje om arbeidet med filmen, vil han også ha med seg Olina Halle på treffet. Kona til Eistein; Dagmar, har digitalisert ein god del memoarer for Olina, og ut ifrå det vil Eistein stilla henne nokre spørsmål, både om krigsåra nede i Todalen og det interessante og strevsame livet ho har levd på Kårvatn.

onsdtreffOlina

Olina har vore ei danseglad dame, og no har Eistein mellom anna tenkt at ho skal få stå til rette for dei lovbrota ho og mange andre var med på under krigen, etter at det vart innført danseforbod i Norge i 1942.

Eistein ser gjerne at det kjem fleire på treff, som har interessante og harmlause minner frå krigen, slik at det kan bli ein dialog mellom scena og publikum.

Publisert: 6. april 2015, 20:23