Førstkomande onsdag kl 19 inviterer familien Kvendset til sommarkonsert i Skuststua i Todalen. Det er Ingebrigt, Randi og tre av borna – Hallvard, Bodil og Alfred som vil underhalde oss med song og musikk. allvard og Alfred trakterer trekkspell, medan Bodil vil sørgje for tonar frå sin fiolin.
Familien bor til vanleg i Vanvikan på Fosen, men er no i Todalen på ferie og besøk til bestemor Bodil på Lauvås. Dei er vant til å opptre, og dyktige med med både musikk og song.
I pausen blir det høve til litt fotball, og det blir enkel traktering, fortel Ragna Kvendset i Skulstua, som håpar at mange kjem på konsert. Konserten er gratis for borna og kostar kr 50 for vaksne. Alle er velkomne!