Dato og tidspunkt for solsnu, eller solkverv, varierer frå år til år. Det kjem av at året er ca 365,25 døgn, og dermed får vi ei lita forskyving. I år skjer det altså komande onsdag kl 11.44, og det er det nok mange som er glade for. Det går mot lysare og varmare tider, sjølv om det går sakte i starten – fram mot nyttår aukar daglengda med ca 10 minutt.
Vintersolkverv er tidspunktet ein gong i året når jorda er i det punktet av sin bane rundt sola, kor den nordlege halvkule heller lengst bort frå sola. Dagen dette skjer er den dagen med kortast daglengd, og i år skjer det onsdag 21. desember kl 11.44. Vi skreiv først at det var kl 10.44, men det var sjølvsagt UTC-tid og -1 time. (Takk til Einar Hamnes for e-post med info).
Når sola står i sør midt på dagen, har den sin årlege lågaste døgnmaksimumshøgde over horisonten (utrekninga gjeld nord for ekvator, og sør for polarsirkelen). (Ref. Wikipedia)