Onsdag 4. mai kl 18 er det tid for dugnad i Svinviks arboret. Surnadal hagelag har tradisjonar for dugnad i arboretet før sesongen startar i arboretet, og håpar at mange blir med og tek eit tak. Etter at dugnadsøkta er ferdig, blir det sosialt samvær og noko å bita i. Ta med høveleg hagereiskap og bli med på vårens trivelegaste dugnad, freistar hagelaget.