Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onsdag ettermiddag startar Stangvikfestivalen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. juli 2024

Stangvikfestivalen blir arrangert kvart partalsår. Årets festival blir arrangert frå onsdag 24. juli til og med søndag 28. juli. Bondehuset i Stangvik er hovudbasen for Stangvikfestivalen, men både Bøfjorden og Todalen får besøk av festivalartistane. Kunstnarisk leiar Sigrid Vetleseter Bøe og styret i Stangvikfestivalen har også i år fått laga eit velfylt og variert program med høg kvalitet.

Opninga av årets Stangvikfestival er på Bøfjorden sjøbruksmuseum klokka 19:00. Her tek Trygve Brøske og Marianne Måløy for seg alt som finst i sjøbruksmuseet når dei, i kjent stil og saman med andre festivalartistar, raljerer med nytt og gamalt «fjas».

Torsdag er det operakveld i Todalen ungdomshus frå klokka19:00. Her vil ein få høyre internasjonale operasolistar, saman med pianist, by på operatiske opplevingar med luas snipp! Sal av kaffe, dessert og andre forfriskingar.

Seinare på kvelden, nærare bestemt klokka 21:30, er det halvliter og kjellarmusikk på Bryå ved Bondehuset i Stangvik.

Fredag er det kammerkonsert i Stangvik prestegard klokka 18:00 og Kunstutstillingopning i Galleri Bondhuset klokka 20:30.

Sjå heile programmet og kjøp billettar

Følg Stangvikfestivalen på Facebook

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 23. juli 2024, 18:48