Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onnadag med hesjing, husdyr og triveleg samvær

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. juni 2017

Det var god stemning da Rehab og Dagsentret arrangerte Onnadag på Bårdshaugen for 4. året på rad.  Den store terrassen var fylt med brukarar, pårørande og venner og kjente som hadde lagt turen innom for å sjå kva som foregikk.

Her var det hesjing og mange typar husdyr på plass og det var mange smilande ansikt å sjå og både store og små og gammal og ung. Barnehagane frå Mo, Stangvik, Bårdshaugen og Øye var det og sette sitt preg på dagen med sine fargesprakande vestar. Trur også at dei hadde med seg ein godbit til hesten som var der. I tillegg til hesten var det både kalvar, geiter, høner, kanin og til og med ein liten kosegris som for og snokra rundt folk.

Annett Ranes som er leiar på Dagsentret fortalte at dei har gledd seg på dette i lang tid, og dei tilsette har gjort mykje av ekstraarbeidet for å få til dette på dugnad. Arrangementet er ei samarbeid mellom Rehab og Dagsentret, og det blir fleire som deltek for kvart år fortel Annett til Todalen.no

Vi har laga eit bildegalleri frå Onnadagen på Bårdshaugen – sjå om du treffer kjentfolk!  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. juni 2017, 18:30