Surnadal Røde kors og Surnadal Sanitetsforening arrangerte i går ein regional konferanse om omsorgsberedskap. Konferansier var Jenny Klinge og arrangørane hadde skaffa mange interessante foredragshaldarar frå begge organisasjonar som gjorde at det vart ein innhaldsrik og interesant dag for dei 50 frammøtte.
Jorunn Ørsal som er leiar i omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening OG leiar i den formelle gruppa med dei 4 sanitetsforeningane som har avtale med Surnadal kommune, orienterte litt om korleis dette samarbeidet og denne avtalen fungerer. Raset i Todalen var ein «vekkar» her lokalt som gjorde at både Røde kors og saniytetsforeningane sette omsorgsberedskapen på dagsorden.
Les meir om konferansen på Trollheimsporten: Er vi forberedt på en katastrofe?