Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Om du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. februar 2021

Om du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag, så har dette si naturlege forklaring. Det skal i ettermiddag vere konfirmantundervisning for konfirmantane i Todalen og Stangvik. Samstundes skal det gjennomførast ei lukka gudsteneste som blir filma i si heilheit.

Den filma gudstenesta kan du sjå på nettet søndag føremiddag, frå og med klokka 11:00. Vi kjem attende med link til gudstenesta søndag morgon, slik at den som vil, kan få høve til å sjå den. 

 

Publisert: 9. februar 2021, 11:09