Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ole Mauseth – kunstnar og filosof

Dordi Jorunn Halle Torsdag 15. januar 2015

På det første møtet i 2015 for Senioruniversitetet på Indre Nordmøre var Ole Mauseth gjest. Det vart ei spennande og interessant oppleving for dei 50 frammøtte. Styrkar Brørs ønskte Ole Mauseth velkomen og presenterte han som teiknar, skulptør, taksidermist, friluftsmann, fjellklatrar og musikar.

Publikum

Om lag 50 personar møtte opp i Kammerset, – det var berre godord å høyre etter forestillinga. Foto: Dordi Jorunn Halle

Ole Mauseth starta kåseriet sitt med å ta oss med på ei interessant reise til marmorbyen Carrara i Toscana i Italia. Der er det 150 steinbrot for å ta ut marmor, og fjella er kvite, – ikkje av snø, men av marmorstøv! Marmoren her er av ekstra god kvalitet og har i over tusen år blitt bruka til å lage vakre og kjende skulpturar, men også til fasadestein, benkplater osb. I Carrara blir store steinblokker hogge ut og omforma til dei vakratse kunstverk! Han viste interessante bilete frå ulike steinbrot, steinhoggeri og kunstverskader , og han fortalde om prosessen frå stein til skulptur. Vi fekk mellom anna sjå bilete av eit kunstverk der starten var ei steinblokk på 40 tonn og som enda opp som eit merkverdig kunstverk på 10 tonn!

Ole Mauseth spelar

Her spelar Ole Mauseth sin eigen komposisjon «Fjellbekken». Foto: Dordi Jorunn Halle

Deretter fekk vi bli med Ole Mauseth på ein del av livsreisa hans under tittelen «Meg sjølv».  – Ole Mauseth stoppa ut første rypa da han var berre ni år. Han lærte kunsten av naboen som var ivrig jeger. Ole ordna seg verkstad i kjellaren heime og tente gode lommepengar på å stoppe ut fuglar! Som unge kunne han sitje i timevis og studere fuglar, – han var så fasinert over kor vakre dei var!

Etter kvart vart han utdanna taksidermist, han stoppa ut dyr og fuglar sjølv, skreiv fagbøker og underviste i taksidermi. Det er no eit avslutta kapittel. Fram til han var tjue år, var han som han sjølv sa, eit produkt miljø og omgivelsar. Frå han var tjue år og utover gjekk mykje tid med til å tenkje og lese bøker om filosofi og religion, han vart oppteken av dei store spørsmåla i livet: «Kva er sant? Kva er vi? Kva er dette livet? Kvifor er vi her?» Og han utvikla seg til å bli «eit eige individ».  34 år gammal starta han på kunstutdanning, og han er teiknar, grafikar og bilethoggar. No lever han godt som bilethoggar. Vi finn vakre kunstverk av Ole Mauseth over heile landet, også her i Todalen – på Kårvatn, både på Stabburet og ved Fjellutstyrbutikken.

Venner

Skulptur framfor Surnadal Sparebank : «Venner». Foto: Dordi Jorunn Halle

På heimesida si skriv Ole Mauseth:
«For meg handler kunst om det ikke-verbale, om følelser og estetikk, om å bli berørt, finne trøst – glede seg over det vakre. Mitt ønske er å gjennom mine verk skape glede, håp og inspirasjon, og i tillegg, øke forståelsen for at natur og menneske ikke er adskilt, at menneskets potensiale ikke er grådighet og egoisme, men tvert imot medfølelse og forståelse.»  Han avslutta forteljinga om seg sjølv med å spele sin eigen komposisjon: «Fjellbekken» – utuleg vakkert!   Møtet med Ole Mauseth var sjeldan godt og interessant!

Samlinga på Kulturhuset vart avslutta med årsmøte og kaffe. Møta i Indre Nordmøre Senioruniversitet er ope for alle. «Siktemålet er å få til gode sosiale samvær og utveksling av kunnskap presentert på ein populær måte,» står det i vedtektene. Neste møte blir med Morten Gåsvand og «Furukjempene i Trollheimen».

bil

Mangt blir laga av marmor i Carrara, til og med luksusbilar! Foto: Dordi Jorunn Halle

Fiskaren

Eit av dei nyaste verka til Ole Mauseth: «Fiskaren». Foto: Dordi Jorunn Halle

 

 

Publisert: 15. januar 2015, 05:00