Det vart i dag sendt ut ei pressemelding frå Olav Thon Gruppen, der dei kan informere om at dei har signert avtale om å overta forvaltninga av seks norske kjøpesenter som eies av Storebrand. Storebrand er ein profesjonell eigedomsaktør som har store forventninger til både drift og videre utvikling av kjøpesentre. Dette opplever vi som ei flott tillitserkæring, og er stolte av å få disse kjøpesentrene inn i vår portefølje, seier Ole-Christian Hallerud, som er visekonsernsjef i Olav Thon Gruppen.
Spesielt er det verdt å merke seg at dei no tek over drifta av City Syd, som er eit av Midt Norges største kjøpesenter. Leiar i Storebrand Eiendom, Truls Nergaard, seier at dei har samarbeida med Olav Thon Gruppen i fleire år og er glade for å ha signert ny og utvida forvaltningsavtale. Olav Thon Gruppen har lang erfaring med drift og utvikling av kjøpesenter, og dei har vist stor omstillingsevne i ei uforutsigbar tid for norsk varehandel, seier Nergaard. Dei kjøpesentra som inngår i den nye forvaltningsavtalen er:
City Syd ( Trondheim )
Tiller Torget ( Trondheim )
Ivar Lykkesvei ( Trondheim )
Kvadrat ( Stavanger )
Østfoldhallene ( Fredrikstad )
Holmen Senter ( Asker )
Ove Skrøvset seier på vegne av Olav Thon Gruppens avdeling i Surnadal at denne avtalen er viktig med tanke på lokale arbeidsplasser. Avdelinga i Surnadal har ansvar for økonomi, forvaltning, forretningsutvikling, markedsføring, utbygging og eiendoms service.
Olav Thon Gruppen i Surnadal har saman med Amfi Kreativ 60 ansatte, som alle gleder seg over fleire senter å kunne arbeide med i framtida.