Med næraste familie og venner tilstades fekk Olav Jostein Holten overrekt Kongens fortenestemedalje under ei markering av overrekkinga på Thon Vårsøg Hotell torsdag kveld.Det var ordførar Lilly Gunn Nyheim som føretok overrekkinga på vegne av kongen og fylkesmannen, og ho uttrykte stor stoltheit over å kunne heidre Olav Jostein for hans lange og solide innsats i samfunnets teneste.
Olav Jostein fikk først og fremst Kongens sølv for sin mangeårige innsats i Indre Nordmøre forsvarsforening, der han har vore leiar i ei årrekkje, men også for sitt allsidige samfunnsengasjement elles. Utanom forsvaret kan vi nemne han engasjement i politikken, forsvaret, idretten, samvirkerørsla og mykje meir.