Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ola til topps i Midtnorsk i Verdal

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2024

Det er ikkje berre i Paris det er medalsjehaust – denne helga har Ola Vikan frå Nordvik delteke i Midtnorsk mesterskap i motocross i Verdal, og har gjekk han heilt til topps i klasse 10-12 år.

Ola viste gode takter, og vann klassen sin med eit kjemperesultat.  Men denne sigeren er nok ikkje berre eit blaff, for sist helg deltok han på NM, og der kom han på 3.plass i sin klasse.  Så dette er nok godt jobba Ola.

Men det ser ut for at Ola må ha ein grundig runde i dusjen, for våt og blaut bane har nærmest kamuflert motocrossentusiasten frå Nordvik – kanskje han må spyles med hageslangen før han går i dusjen.  Vi gratulerer iallfall med godt resultat.  

Publisert: 11. august 2024, 17:30