Det er nok mange som lurar på kva som skal skje i Viastua, der det er stor byggjeverksemd med utgraving og støyping av store grunnmurar etter kvart. Det er Ola som satsar på ei framtid som mjølkeprodusent, og no utvider han fjøset med ca 500 m2. Det skal bli plass til nærare 50 mjølekyr, og mjølkerobot til rundt 1,5 mill. kroner er allereie på plass og teken i bruk. Ola er ikkje redd for å satse, for han seier at det er heilt sikkert at vi treng mat i framtida også. Innan 2050 må verda doble matproduksjonen dersom det skal bli nok til alle. Noko av dette skal produserast på Kvennset!
Ola tok over garden tidlegare i år, men han har leid inn foreldra Wenche og Gudmund som forpaktarar til han er ferdig med skulegongen. Han går i dag det 2. av 3 år på Høgskulen i Nord-Trøndelag på Steinkjer, der han sjølvsagt tek landbrukutdanning. Men våren 2013 er han ferdig, og da blir det full satsing på mjølkeproduksjon. Han driv i dag ca 300 mål med grasproduksjon, og har ein mjølkekvote på 280.000 liter. Halvparten av jorda og noko av mjølekvoten leiger han, men han satsar på å kjøpe opp meir mjølkekvote etter kvart. Men først skal fjøset bli ferdig, og det er ei satsing på fleire millionar.
Ola har lyst til dette, og har bestemt seg for at det er bonde han vil bli. Foreldra fortel at dei har diskutert dette grundig med Ola, for Gudmund var også ung da han tok over garden etter onkelen sin, og han har opplevd vekslande vilkår i jordbruket oppgjennom åra. Men slik vilkåra er no, så kan det ikkje bli anna enn betre i fortsettinga. Men Ola har i allfall planane klare, og i tillegg til mjølkeproduksjon vil han ha nokre sauer. Han er «sau-kar», og likar sauene godt. Men han legg ikkje skjul på at sausankinga i haust var noko deprimerande. Han mista 20% av besetninga på fjellbeite i Kvennsetdalen og Lauvåfjellet. Dei vart nok jervmat, sier Ola. Han blir alvorleg når han legg ut om jervplaga som kanskje vil ødeleggje drømmen om å ha ei lita saubesetning i tillegg til mjølkeproduksjonen. Tapsprosent på 20 går det ikkje an å leva med, seier han.
Arbeidet med nyfjøset skal vere fullført til sommaren 2012, for i juli kjem det til å bli fødd over tretti kalvar i Viastua. Murane til nyfjøset skal gjerast ferdig i haust, og så startar bygginga så snart det tek til å vårast. Til slutt blir det innreiingarbeid framover mot sommaren. Det blir nok ein travel vår!