I dag og i morgen er 320 yrkesfagelevar samla til NM i yrkesfag 2018. Her er et utall av ulike yrkesfagretningar representert, og i blant deltakerne finn vi både todalingar og rindalingar representert.
Ola Bolme går 2. året på Kristiansund vgs og stiller i klassen Bilfag, medan Ole Martin Glåmen som går 2. året på Haram vgs stiller i klassen Kulde og varmepumpeteknikk. Dei ankom i dag Hamar og var på ettermiddag samlet i Hamar kulturhus for den offisielle åpninga av NM ved Hedmark fylkesordfører Arnfinn Nergård.
2018 er Yrkesfagenes år, og han løfta fram dyktige prestasjonar både av elevane som hadde klart å kvalifisere seg, og ikke minst lærerane som fikk fram gode kandidater med å følge opp litt ekstra. Rett etter åpningsseremonien vart deltakerne frakta til sine respektive arenaer for en kjentmannsrunde og kanskje ein siste finpuss på både teknikk og taktikk saman med sine veiledarar (lærer).
Sjølve konkurransen startar i morgon tidleg og blir avslutta med felles premieutdeling til etterpå. Konferansier Marco Elsafadi som også er mentor for landslagstroppen i Yrkesfag hadde mange gode tips og triks til dei unge utøvarane før morgendagens konkurranse startar. -Bestem deg for at i morgon skal bli ein god dag, så blir det faktisk det, råda han. Ole Martin skal konkurrere mot 6 andre i sin klasse fra tre ulike fylker, medan Ola deltek i ein klasse på 12, fra same antal fylker