Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

– Og synnåvêret fortsett utover januar…

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. januar 2014

Vi har etterkvart vorte vant til synnåvêr og varmegrader. Vêrtypen ser ut til å fortsette utover i januar, og på langtidsvarselet til yr.no ser vi ut til å få sør- og søraustleg vindretning i hele neste veke og meir til.

10-dagersvarselet som gjeld til måndag 13. januar er det mildvêr fram til fredag, men så blir det nokre kuldegrader gjennom neste helg. Det blir også minimalt med nedbør, da det meldes nokre reg- eller sluddbyger til neste fredag. Men det er da med sørvestleg vindretning, så dei vil kanskje gå forbi på ytre strøk.

Forsidebildet, som er ein blomstrande stemorsblomst, er det Jon Bruset som har festa på filmen. Det skjedde i dag – 4. januar 2014 – i blomsterbedet på Liatun!

Publisert: 4. januar 2014, 20:00